Vin Diesel, Paul Walker and Dwayne Johnson er tilbake, saman med resten av stjernegalleriet fra Fast & Furious-filmane.
I forrige film leia Dom (Diesel) og Brian (Walker) eit Rio-kupp som grusa emperiet til ein mafiaboss, og gav Fast & Furious-gjengen 100 millionar dollar på deling. I etterkant gjøymde dei seg i kvart sitt hjørna av kloden. Men saknet etter heimstadene og den konstante flukta frå lovens lange arm, har sett sitt preg på dei.
I mellomtida har Hobbs (Johnson) spora opp ein organisasjon med livsfarlege leigemordarsjåførar som opererer i 12 ulike land. Meisterhjernen (Evans) bak det heile jobbar tett saman med den hensynslause nestkommanderande, som viser seg å vera Doms antatt døde kjæreste, Letty (Rodriguez). Den eineste måten å stoppa den kriminelle ligaen på, er å overlista dei på gateplan, så Hobbs ber Dom om å samla hiele eliteteamet sitt i London. Betalinga? Full benåding til dei alle, så dei kan reisa hjem og vera med familiane sine igjen.
Fast & Furious 6 byggjer vidare på den verdensomspennande suksessoppskrifta til Fast Five, men tar actionsekvensane, stunta og handlinga til endå større høgder. Justin Lin inntar registolen for fjerde gong i filmserien. Med på laget er dei faste produsentane Neal H. Moritz, Clayton Townsend og Vin Diesel.
