Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Varga Dansecompagni

$
0
0
Teaser: 

Bli med og dans!

Bilde: 

VARGA DANSECOMPAGNI

 

Oseana startar dansekompani for godt vaksne

 

Frå august kan du som er senior få være med i ditt eige dansekompani i Oseana, med fokus på bevegelse og kreativ dans. Prosjektet vil bestå av dansetimar i Vargasalen på Oseana ein føremiddag kvar veke, under leiing av Patricia Langeland.

 

Oppstart: 16. august 2018

Tid: Kvar torsdag kl. 10-12

Alder: ca 65 - 100

Pris: 1 500,-

Påmelding til Berit Steen på berit@oseana.no

Påmeldingsfrist: 21. mars

 

Dansekurset vil vare til utpå vinteren neste år, då det heile vert avslutta med ei storstilt festframsyning i Oseanasalen i februar 2019. Denne framsyninga er frivillig å delta på.

 

Patricia Langeland om kurset:

 

«Eg gledar meg til å skape dans og bevegelse saman med vaksne og deira livserfaringar. Det blir også spanande å lage ei forestilling av og med menneske som har levd ei stund. Dette skal være eit tilbod for dei som ønskjer å bruke kroppen sin på andre måtar enn i skiløype og treningsstudio, og eit tilbod til dei av desse som jamvel har ein draum om å stå på ei scene.»


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571