Salsutstilling i Griegsamlingen
Arne Ekeland - Salsutstilling. 18. april - 13. mai
På vegne av ein samlar inviterer vi til salsutstilling med fleire verk av Arne Ekeland. Samlinga består i stor grad av måleri, men også noko grafikk. Eit unikt høve til å erverve seg verk av ein av dei mest betydelege norske kunstnarane frå forrige århundre.
Arne Ekeland (1908 - 1994) er ein av dei mest betydelege norske kunstarane frå forrige århundre. Han blei utdanna på Statens Kunstakademi under Axel Revold, og var i heile sitt kunstnariske virke påvirka av den form for geometrisk komposisjon og fargehaldning som han lærte der. Interessa for italiensk renessansemåleri kan nok også sporast tilbake til interessa for den geometriske oppbygginga av biletet. Han var også open for samtidas internasjonale tendensar, og bearbeida impulsar frå både ekspresjonisme og surrealisme, i kombinasjon med renessansemåleri til sitt eige personlege uttrykk. Hans verk har ofte eit sosialt og politisk bodskap, gjerne med revolusjonære og utopiske overtonar, og han var heile sitt liv medlem av Norges kommunistiske parti. Mest kjent er kanskje hans store figurmåleri med symbolsk og utopisk tematikk, men produksjonen hans var stor, og besto også av eit mangfald av arbeid i mindre format. Nokre av desse arbeida vil være å sjå på utstillinga i Griegsamlingen.


