Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Claudia Scott

$
0
0
Teaser: 

med band

Artisten som elskar å vera på vegen, og å spela for publikum.

Årets C & W arrangement med Am-Car kortesje frå Er-An Veikro.

 

Hausten 2017 markerte Claudia Scott 25 år som soloartist – i år er det jubileumsturné samstundes med at ho er ei av artistane på TV2`s populære serie “Hver Gang Vi Møtes”.

 

Denne kvelden kan du starta med eit betre måltid anten hjå Oseana Kafé og Restaurant eller hjå Er-An Veikro på Røykenes. Dersom du reiser frå Er-An Veikro, kan du tinga plass i amcar-kortesjen som går frå Er-An til Oseana før konserten. Det er Os Amcar Club som står for bilane.

 

Claudia Scott er ei av dei mest framståande artistane i Noreg innan rootsrock og country. Ho har gjort seg kjend internasjonalt både som soloartist, multi-instrumentalist og låtskrivar. Ho kallar musikken sin "Americana", ei fellesnemning for musikk som inneheld rock, rhythm & blues, country og folk.

Som musikar og låtskrivar får Claudia vist sine mange talentfulle sider. Ho er ein uredd artist som har våga å gå sine eigne vegar i søken etter eigen musikalsk identitet. Claudia debuterte som 11-åring i faren sitt band ”Clive Scott & The Skywegians”, som utga Noregs første country-album og toppa 70-talet sitt populære radioprogram ”Europatoppen”. Ho har sidan då ei rekke kritikarroste album bak seg, med no 2 Spellemann-prisar, og ei rekke nominasjonar. Ho har mottatt tre prestisjetunge låtskrivarprisar i USA, i tillegg til å være ein ettertrakta musikar for ei rekke store artistar.

 

Claudia Scott slapp hausten 2016 albumet “Let The Ribbons Fly”. Albumet har fått fantastiske omtalar og blei nominert til Spellemann.

 

I februar gav ho óg ut musikkvideo av låta «A Picture of My Dad And I» frå same album. Låten er ei personleg skildring av barndomsminne i oppveksta saman med faren Clive Scott.

 

“Let The Ribbons Fly” følgjer opp uttrykket frå “Follow The Lines”, og gjenspeglar hennar musikalske røter. For “Follow The Lines” fekk ho óg Spellemannspris i 2015.

 

Hausten 2017 markerte ho 25 år som soloartist, og gav ut ein nummerert Limited Edition av “Flowers & Thorns” på Vinyl. Låta “Heard you on my Radio” frå same album, er Claudia Scott sin største HIT hittil. Også dette albumet blei nominert til Spellemann. Det har vore ei kreativ og travel tid sidan det som må seiast å være eit comeback for Claudia Scott med “Follow the Lines” i 2014.

 

Med seg på scena har ho stjernelaget:

Jørun Bøgeberg: vokal, bass, el-dola

Olaf Olsen: vokal, trommer

Olav Torgeir Kopsland: vokal, gitarer, steel-gitar

Eirik Tovsrud Knutsen el. Kenneth Bjørdal: Hammond orgel

Sjølv trakterer ho diverse gitarar, harmonica, mandolin

 

For middag hos Oseana Kafé og Restaurant: restaurant@oseana.no / 53 69 51 40

For middag hjå Er-An Veikro: eran@booking.com / 56 30 97 75

For tinging av plass i bil/amcarkortesje: eran@booking.com / 56 30 97 75

 

 

 

Arrangementdato: 
fre, 21/09/2018 - 20:00
Pris: 
Ord. 395,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/claudia-scott-med-band-billetter/574849
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

"A PICTURE OF MY DAD AND I

Servering: 
Middag før konserten? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571