Ein feelgoodkomedie!
Stein i lomma / Stones in his Pockets
Ein feelgoodkomedie basert på den internasjonale teatersuksessen Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller!
Ein Hollywood-film skal spelast inn på ein liten stad i Noreg, og til liks med ein stor del av dei lokale innbyggjarane har to rappkjefta unge menn lete seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvande divaer?
Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over heile verda. «Gå og sjå, og ver førebudd på å le og bli overvelda», skreiv pressa etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetting med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og blei sendt på NRK.
Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scena, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opphaveleg går føre seg i Irland– om til ei filminnspeling i Nord-Noreg. Erik Poppe har førstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile kjempeapparatet sitt og forvandlar eit inkje-anande lokalsamfunn til ein einaste stor «location». Derfor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren.
Til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokon sinne. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrd, grip framsyninga rett inn i dagens Noreg.
**** Eit fantastisk stykke
The Herald
«Gå og sjå det, og ver førebudd på å le og bli overvelda»
Sunday Times
Best New Comedy
Laurence Olivier Award
Best New Comedy
Evening Standard Award
Med Hallvard Holmen og Øystein Martinsen.
Av Marie Jones. Omsett av Ragnar Olsen.
Regissør Erik Poppe.


