Om vår kjærleik og frykt for havet
Når mennesket gret, er tårene salte. Kjem også vi frå havet?
I ein liten båt langt ute på Vestfjorden sit forfattaren og hans venn. Under dei, langt nede i havdjupet, har håkjerringa sitt rike. Det er denne haifisken dei to har bestemt seg for å fange - eit uhyre som kan være meir enn fem hundre år gamalt, og som i mangt er mennesket overlegent. Kva slags møte blir dette?
Det er utgangspunktet for boksuksessen Havboka.
Frå si havn på den lille øya Skrova i Lofoten utforskar Morten Strøksnes vårt forhold til havet. Han har eit uendeleg rikt stoff å øse av, frå sagn, mytar og gamle krønike, til reiseskildringar, vitskapelege skrifter og dikting frå mange kulturar. Resultatet er ei blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøner, som har motteke ei rekke prisar og fått fantastiske kritikkar verda over. Den er også lest av nærare 100 000 nordmenn, og er oversatt til 30 språk.
For oss som bur her i dette vidunderlege kyst-landet har havet ei heilt eigen tyding, og for Strøksnes blir det ei ustoppeleg kjelde til undring, innsikt og fantastiske eventyr, medan han spør seg: Når meir enn to tredelar av jorda si overflate er dekka av saltvatn - kvifor kallar vi ikkje like godt kloden vår for Havet?
Når Riksteatret og Nationaltheatret no går saman om å gjere Havboka til teater, er det Ole Anders Tandberg som står ansvarleg for dramatisering og regi. På Nationaltheatret har han ei rekke navngjetne dramatiseringar bak seg, og på Riksteatret gjorde han nyleg stor suksess med teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds Min kamp.
På scena i vår teaterversjon står Nationaltheatrets skodespelar Jan Sælid – der han skal gje skikkelse til både menneske og håkjerring!
--
Sagt om Havboka:
"Om vår kjærlighet og frykt for havet"
The Guardian
"En bok som har alt"
DN
"En enestående bok, som med et vått blikk undersøker menneskets forhold til havet …"
Esquire (USA)
"Rett og slett en fest"
Aftenposten
"En moderne Moby Dick, bare bedre (…)"
Politiken (6)
"Strålende blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøne"
Dagbladet
"Eit meisterverk"
BT (6)
"Moby Dick møter Knausgårds Min kamp»
THE VICE READER (USA)
"Anbefales alle som våger å innrømme at de faktisk vet ganske lite (…) Kunnskap om havet vil gi bedre perspektiv og forståelse for alt som skjer på land"
Haugesund Avis
"Det hele sydd sammen på et vis som bare en fullbefaren forfatter kan klare."
VG (6)
"Havboka" er litterær som Knausgård, undrende og lærerik som de beste populærvitenskapelige bøker og spennende som en god guttebok.
Aftenposten
--
Havboka har tidlegare blitt dramatisert og satt opp som teaterkonsert på Hålogaland Teater i Anders T. Andersen sin regi.
På scena
Jan Sælid.
Team
Regissør, Scenograf, Dramatiker: Ole Anders Tandberg. Komponist, Lyddesigner: Joel Sahlin. Kostymedesigner: Maria Geber. Lysdesigner: Elisabeth Kjeldahl Nilsson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Forestillingslengde: Ikkje fastsett
Produsert av Riksteatret i et samarbeide med Nationaltheatret


