Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Riksteatret: Stein i lomma

$
0
0
Teaser: 

Ein feelgoodkomedie!

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Stein i lomma / Stones in his Pockets

Ein feelgoodkomedie  basert på den internasjonale teatersuksessen Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller! 

 

Ein Hollywood-film skal spelast inn på ein liten stad i Noreg, og til liks med ein stor del av dei lokale innbyggjarane har to rappkjefta unge menn lete seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvande divaer?  

Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over heile verda. «Gå og sjå, og ver førebudd på å le og bli overvelda», skreiv pressa etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetting med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og blei sendt på NRK.  

 

Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scena, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opphaveleg går føre seg i Irlandom til ei filminnspeling i Nord-Noreg. Erik Poppe har førstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile kjempeapparatet sitt og forvandlar eit inkje-anande lokalsamfunn til ein einaste stor «location». Derfor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren. 

 
Til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokon sinne. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrd, grip framsyninga rett inn i dagens Noreg.  

 

**** Eit fantastisk stykke 

The Herald 

 

«Gå og sjå det, og ver førebudd på å le og bli overvelda» 

Sunday Times 

Best New Comedy 
Laurence Olivier Award  

 
Best New Comedy 
Evening Standard Award  

 

Med Hallvard Holmen og Øystein Martinsen. 

Av Marie Jones.  Omsett av Ragnar Olsen.  

Regissør Erik Poppe.  

 

Arrangementdato: 
man, 01/10/2018 - 19:00
Body2: 
Pris: 
Ord. 420,- / BT 340,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/stein-i-lomma-billetter/575559
Billettinfo: 
Arrangør: 
Riksteatret
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Teater
Servering: 
Middag før forestillingen? For bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571