Ein av dei største suksessane i Det Norske Teatret si historie skal endeleg på turné! Bikubesong, basert på Frode Grytten sin suksessroman med same namn. "En forestilling til å bli glad, ja, nærmest lykkelig av", skreiv VG etter urpremieren i 2003 og kasta terningen til 5. Framsyninga heldt koken i tre år med fulle hus og vart sett av nærmare 40 000 tilskodarar. Regissør Lasse Kolsrud fekk både Kritikarprisen og Hedda-pris for innsatsen sin.
Bikubesong har eit herleg galleri av heilt vanlege, uvanlege typar. Stykket gjev innblikk i liva til menneske som bur i ein murbolig i Odda, men historia kunne like gjerne ha funne stad ein annan plass i Norge. Bikubesong er basert på Frode Grytten sin suksessroman, som vart selt i 70 000 eksemplar. Då boka kom ut, vart ho raskt ein publikumsvinnar. Grytten henta heim ein Bragepris og vart nominert til Nordisk Råd sin Litteraturpris. Romanen er sett saman av 25 historier om dette fargesterke typegalleriet. Regissør Lasse Kolsrud har laga ei forteljing for scena og krydra ho med musikk. I tillegg til ein hund og 15 personar i ensemblet, spelar òg låtane til The Smiths ei sentral rolle i framsyninga, framført av eit liveband på scenen.
I 2013 feirar Det Norske Teatret sitt 100-årsjubileum, og turneen med Riksteatret er ei jubileumsgåve til publikum.
Pressa om Bikubesong:
”Det summer av musikalsk vellyd og vemodsfylt muntert samspill (...) både personer og handling har samme treffsikkerhet i dag (...) skildret med varme og ømhet” VG, TERNINGKAST 5, 2013
«Ved sluttapplausen hadde jeg lyst til å ta bølgen. Endelig et underholdende, morsomt og samtidig rørende stykke om mennesker det er lett å kjenne seg igjen i drømmene til, fra vårt eget land, fra vår nære historie... nær og nå, sart og naken! Og fremfor alt, veldig underholdende.» NRK, 2003
«Det er vekselvis sårt og varmt, hylende morsomt og ubehagelig gjenkjennelig - stort teater. Og i morgen skal jeg ringe og prøve å få meg en billett til. For så bra er denne forestillingen.» DAGBLADET, 2003
--
Speletid: 2 timar og 40 minutter (inkludert pause)
På scena:
Hans Rønningen, Ragnhild Hilt, Per Schaanning, Ingrid Jørgensen Dragland, Arnhild Litlere, Hans Jacob Sand, Marte Germaine Christensen, Svein Roger Karlsen, Anne Ryg, Ola G. Furuseth / Morten Svartveit, Espen Reboli Bjerke, Kikki Stormo, Jon Eikemo, Sigurd Myhre og Kaia Varjord (med atterhald om endringar).
Team:
Regissør: Lasse Kolsrud
Dramaturg: Cecilia Ölveczky og Ola E. Bø
Scenograf: Bård Lie Thorbjørnsen
Kostymedesignar: Ane Aasheim
Lysdesignar: Ingrid Tønder
Lyddesignar: Jostein Reistad
Foto: Leif Gabrielsen
Denne framsyninga inngår i ein Riksteaterpakke, der du får 30 % rabatt dersom du kjøper billett til tre eller fleire framsyningar samstundes. Dei fire arrangementa er Vildanden, Mugg, Bikubesong og Navid - Each One Teach One. Pakken kan kun kjøpast i resepsjonen på Oseana. Forbehold om tilgjengelege billettar.
