Tilrettelagt omvisning
Gratis, tilrettelagt omvisning for menneske med demens.
Hausten 2018 vil Oseana, i samarbeid med Os kommune og Os kulturelle spaserstokk, tilby gratis tilrettelagde omvisningar i Griegsamlingen for menneske med demens med følgjeperson. Dette er det første av i heile tre slike omvisningar i haust.
Ein treng ingen forkunnskap og omvisningane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Denne gongen snakkar vi om Nikolai Astrup og kunsten hans framfor nokre av måleria hans i Griegsamlingen. Vi avsluttar med kaffi, noko å bita i og ein hyggeleg prat.
Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdagen før omvisinga. Begrensa antall plassar.
Varighet 2 timar.


