Endeleg er oppfølginga til kinosuksessen, Mamma Mia, her!
Billettsalet startar to veker før filmen visast.
Ti år etter handlinga i den første filmen, venter Sophie og Sky barn. Sophie har tatt over drifta av Donnas villa på den greske øya Kalokairi. Mens ho går svanger ønskjer ho å få vite meir om mora si fortid, og korleis ho møtte Sophies tre fedrar. I tillegg kommer bankar ein ny gjest på døra: Sophies bestemor, som ho aldri har møtt før. Det blir nye morosame forviklingar og ei lang rekke fengjande ABBA-låtar i musikalfilmen, som garantert skapar glede.
Gled deg til eit gjensyn med skodespelerane frå den fyrste filmen og ei rekke nye ansikt i sumarens store kinofest!
Sjanger: Komedie/musikal
Regi: Ol Parker
Skodespelarar: Amanda Seyfried, Pierce Brosnan, Meryl Streep, Colin Firth, Stellan Skarsgård, Cher, Andy Garcia, Julie Walters, Christine Baranski, Lily James
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Lengde: 1 t. 53 min.
Sensur: Tillat for alle
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!


