Den tradisjonsrike juleballetten
Inga jul utan Tsjajkovskij sine trillande tonar og E.T Hoffmann sitt eventyr om Nøtteknekkaren.
Den tradisjonsrike juleballetten Dei unges nøtteknekkar er for mange barnefamiliar eit «must» i førjulstida. Han har blitt vist i ei årrekkje i Grieghallen i Bergen, og i år set vi opp denne balletten på scenen i Oseana for andre gong. Fleire enn tretti dansarar frå Klassisk ballett Fordypning ved Bergen kulturskole trenar hardt fram mot premieren 17. desember. Handlinga dreier seg om eit juleselskap der det dukkar opp spennande gjestar, mellom andre Tollmannen Drosselmeyer og Klara som lurer på kva ho får til jul. Så er det jamvel hekser og dokker, mus og soldatar, prins og prinsesse, rottekongen og sjølvsagt nøtteknekkaren i eigen person. Regi er ved ballettpedagog Marcello Raciti.
NB! Framsyninga startar 18:30 (i det trykte haustprogrammet er det ein trykkfeil vedr. tidspunktet).
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!


