Den siste episoden
Dette blir den fjerde og siste episoden av Fjøsnissen Borg. I dei tre første episodane tok Fjøsnissen Borg farvel med dyra i skogen og drog av garde austover i landet for å finna seg ein ny gard der han kunne vera fjøsnisse. Det gjekk ikkje heilt slik Borg hadde tenkt seg, og dette førte til at han la ut på ei lang og farefull ferd gjennom mange land. I den tredje episoden kom Borg heim att til Os og fann seg ei Nissekone oppe på Bø.
I denne siste forteljinga ser vi korleis Borg taklar den nye livssituasjonen sin oppe på Bø. Som ungkar har han hatt eit fritt og sjølvstendig liv, men no har han Nissemor og Silja å innretta seg etter. Han får svinga seg i låven og får sine arbeidsoppgåver. Dette fører til uvante situasjonar for ein fjøsnisse som alltid har levd åleine. Det kjem julebesøk til gards, og Borg må varta opp julegjestane. Borg får etter kvart nisseungane for seg sjølv. Han fortel om livet som fjøsnisse borte på Borgen og alt det han har opplevd. Vi treff Borg som ung gut på leit etter forskjellige urtar og plantar som han treng for å halda dyra på garden friske og raske. Kanskje han møter underlege skapningar og dyr … Følg med korleis det går vidare.
Varer om lag 1 time.
Born under 3 år - gratis
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!


