Om livet til sjøsplintane
Grethe Paulsen Vie: Om lagnaden til dei reisande – og livet til sjøsplintane på Vestlandet.
Kvar sommar til langt ut på 1960-talet kom det splintar til bygda sommarstid. Ofte sjøvegen. Dei banka på dører og baud fram ting for sal. Somme oppfatta splintelivet som eksotisk og forlokkande, andre såg på dei reisande med skepsis og mistru.
Det farande folket her til lands har historie tilbake til 1500-talet. Det norske samfunnet har gjort dei mykje urett. Kvinner og menn vart tvangssendte til arbeidsleirar. Dei fekk forbod mot å bruka hestar. Det vart nytta lobotomering. Kvinner vart steriliserte. Barna vart tatt frå foreldra og plasserte i barneheimar. Grethe Paulsen Vie vil fortelja om dei reisande si historie, og særleg ta for seg livet til båtsplintane på Vestlandet. Ho vil også koma inn på livet ved Askviknes barneheim som tok i mot splintebarn frå 1900 til 1953.
Grethe Paulsen Vie er konservator i Haugalandsmuseene. Ho er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen. Vie har i mange år dokumentert historia til romanifolket som reiste sjøvegen. Haugalandsmuseene har opparbeidd eit arkiv med bilete, intervju og forteljingar om livet som båtreisande i perioden 1900-1980.
Semesterkort (fri inngang)
Førehandssal og billettsal i døra, 100,-


