Kongshug Musikkgymnas
Til Deg!
- av og med elevar frå Kongshaug Musikkgymnas.
- Til deg som har verdas beste dag nett i dag..
- Til deg som kjenner deg heilt aleine
- Til deg som spring så fort du kan for å rekkje alt
- Til deg som ikkje fekk vere med på laget
- Til deg som ikkje orkar å stå opp
- Til deg som endeleg traff drømmedama
- Til deg – og til oss alle, her vi lever liva våre..
Nokre såre dagar, nokre lukkelege. Nokre netter som aldri tek slutt, nokre dagar som går som ein røyk, andre som sniglar seg av stad. Nokre dagar er gule, og nokre er grå..
Ingen av oss har det likt, og ingen ting er meir normalt. Uansett er alle dagar dine dagar, og dei gjev livet farge og form.
Vi vil ønskje velkommen til konsertframsyning med elevane ved Kongshaug musikkgymnas i Oseana 16.februar. Vi har satt saman låtar og musikk som spenner over mange tiår. Felles for desse er at dei seier noko om korleis vi kan ha det, og kor ulikt vi kan ha det, sjølv om vi vaknar til den same morgonsola. Kanskje var det ikkje din tur i dag, men då er det lov å håpe at morgondagen blir betre.
Det blir flotte låtar i varierte arrangement som spenner frå Beatles til Sigrid – frå Cole Porter til Erik Bye. Vi har 120 elevar på scena i kor og ensemble, og vi trur det blir ei flott oppleving for – og TIL DEG.
Ord.: 225,-
Stud/Honnør/Ungdom: 175,-
Barn (4-6): 110,-
Under 4: gratis


