Ville du helst vore kjendis eller smart?
Gruppe 1 i Os barne- og ungdomsteater og barneteatergruppa på Nore Neset presenterer eit heilt nytt teaterstykke, utarbeidd av teaterelevane, i samarbeid med instruktør og forfattar.
Fossen Privatskule er delt inn i to klasserom. Eitt for dei rike som betaler for skulegangen og karakterane sine, og eit knøttlite klasserom for dei andre. Ellinor blir superkjendis fordi ho lagar det mest fantastiske slimet i heile verda, så ho får byta klasserom. Johnny Lol er forelska i henne, men ho må forlata han i det minste klasserommet. Lærarane er dårlege, og rektor Fossen er misunneleg på Ellinor. Han prøver å herma med sin eigen slimetubekanal. Johnny Lol og Ellinor må jakta på ein flink lærar, før alle ender opp dumme som brød.
Manus: Tor Arve Røssland www.forfattaren.no /
Regi: Frøydis Flotvewww.teaterfrø.no
I rollene:
Os barne- og ungdomsteater: Nora Tillung, Tora Skorpen Sundfjord, Ylva Sande Svortevik, Maren Austgulen, Vilde Austgulen, Kristina Sæthre Lekven, Kaja Sælen-Kongsvik, Vilde Prestnes Knapstad, Jenny Lygre Egeland, Lila Dahl, Markus Andre Kolstad, Henrik Hagevik Larsson, Marius Linden, Amalie Moldøen Håvik, Teodor Borge Riise, Aurora Isabell Sjøbø
Nore Neset teatergruppe: Ida Nordtveit Hansen, Linnea Kalberg Glover, Tindra Marie Solheim, Mina Gaassand Tvedt, Ingvild Thorsnes Kvinge, Vivian Korneliussen Helle, Nicolas Sundøy, Sarah Bergo og Evelina Sommerova
Høver frå 6 år
Varer om lag 60 min.
Ord. 100,-
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement
Clik here to view.

Clik here to view.

Clik here to view.
