
Vi går ein spanande og innhaldsrik juni og juli i møte på Oseana!
Lokalt i juni
I juni står mange lokale lag og foreiningar på scena. Fyrst ute er Søre Neset musikklag 1. juni kl. 14.00 med sin gratiskonsert i foajéen. Os mannskor føl opp med å invitere til Musikalske kontrastar dagen etter, 2. juni kl. 18.00, også dette i foajéen.
Laurdag 8. juni vitjar Liv Hatle oss med si framsyning Bondestudentar kl. 16.00, medan det er vårens siste kinosøndag den. 9. juni, med Epic - Skogens hemmelige rike kl. 16.00 og Fast and Furious 6 kl. 19.00.
Onsdag 12. juni er Kuventræ skule Heilt i 100! kl. 18.00, medan elevar frå Musikkglede frå 1.-4. trinn på Søre Neset skule og Kuventræ skule seier JUBA JUBA søndag 16. juni kl. 16.00. Koret Fonos held også sommarkonsert i Oseanasalen torsdag 20. juni kl. 20.00
Også i år inviterar vi til St. Hans- feiring i Mobergsvikjo, med varme grillar og musikalsk underhaldning. Juni blir avrunda med den tradisjonelle Osøren Blues og Jazzfestival, som går av stabelen 28. og 29. juni. Oversikt over kva som skjer på Oseana desse dagane finn du her.
Oseana KammerScene i juli
Slutten av juni er også innleiinga på Oseana sitt sommarprogram, nemleg ein klassisk konsertserie av matinékonsertar i Griegsamlingen. I år som i fjor held Musica Nord kammerkonsertar kvar søndag kl. 14.00, med varierande program. Den fyrste kammerkonserten går av stabelen 30. juni, og serien går kvar søndag til og med 18. august. Oversikt over konsertane vil du finne på våre arrangementssider.
Billetten kostar kr. 220,- men det er også mogleg å kombinere denne konserten med ein middag i Oseana restaurant. Du kan då kjøpe ein
Billettar til berre konserten kan kjøpast både i resepsjonen på Oseana, og på TicketCo sine nettsider. MatineMenyen, som då består av søndagsbuffet i restauranten og konsertbillett, kostar kr. 525,- men denne kan berre kjøpast på Oseana. Ta kontakt med restauranten eller resepsjonen for å kjøpe denne.
Sommarope
Som dei føregåande somrane held både restauranten, museet og resepsjonen ope også måndagane i sommar. Fyrste måndagsope blir 24. juni, og opningstidene blir frå 11.00 - 16.30, som dei øvrige vekedagane. Måndagsope held på heile sommaren, ut august månad. Frå måndag 2. september går vi tilbake til vinterlukking, og stengjer måndagane igjen.