Rungande latter og mjuke augneblink
Foto: Paal Audestad
Eggum & Sivertsen:
VI TO (er ikke Romeo og Julius).
Ryktet seier at Eggum og Sivertsen har laga nye planar, og tatt nokre nye (gitar)grep.
Forrige gong dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsatte salar over heile landet. No har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar.
Med kjende og ukjende gullfunn i kvarandre sine skattekister, og med varme og store dosar humor byr dei to på sine heilt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt venskap i botnen.
Igjen skal dei to folkekjære, men veldig ulike artistane visa oss kvifor songene deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon.
Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intenst nærvære, trøkk, rungande latter og mjuke, magiske augneblink.
Duo-formatet er nakent og krevande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten eit nærvære både til songane og til publikum.
Eggum & Sivertsen stortrivst i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei.
Sånne er gode å ha.
Kvar gong vi møtest er det på´an igjen.
Velkomen!


