Om suksessjag og umogeleg kjærleik
Om du spør Frida har ho valt rolla som klassens outsider sjølv. Dei andre på skulen er uansett einige i at ho er totalt annleis. Marius går i same klasse og gjer stort sett alt han kan for å framstå som ein suksess. Når dei to blir plassert saman på gruppearbeid ser Marius det som nok ein muligheit til å vise seg fram for dei andre. Men Frida har ingen intensjonar om å bli hjulpen eller fiksa av klassens perfekte gut.
Gruppearbeidet blir starten på eit turbulent forhold mellom dei to. Men i fighten med Frida opplever Marius også noko spanande og utfordrande han aldri har kjent før...
Psychobitch er ein film om suksessjag og umogleg kjærleik i Generasjon Prestasjon.
Genre: Drama
Regi: Martin Lund
Skodespelarar: Elli Rhiannon Müller Osbourne, Jonas Tidemann, Henrik Rafaelsen, Jannike Kruse, Saara Sipila-Kristoffersen
Nasjonalitet: Noreg
Språk: norsk
Lengde: 1 t. 50 min.
Sensur: 12 år
Grunngjeving: Filmen inneheld tematikk skildra på ein måte som kan verke forstyrrande på 9-åringar. Den får difor 12-årsgrense.


