På nye eventyr
Øystein Sunde skal ut på tur igjen. Etter eit svært inspirerande samarbeid med Ingrid Bjørnov dei siste åra, har det kome trillande nye songar. Dei er no spelt inn og gjevne ut som CD og LP med tittelen "Bestefar". Det boblar stadig over av nye idéar, og det er alltid noko nytt å få høyre når Sunde er på scena. Mellom anna kan vi vente oss eit heidundranes oppgjer med DAB-radioen. Det er rett og slett mykje å glede seg til!
Det er over 50 år sidan Øystein Sunde sto på scena for første gong, åleine med gitar. Det er også nesten like lenge sidan han toppa listene med slageren Jaktprat frå hans første LP-plate 1001 Fnatt i 1970. Sunde tilhøyrer europaeliten når det gjeld gitarspel, og har sidan den gong holdt seg på topp takka vere ei utroleg evne til alltid å presentere nye, morosame og tidsaktuelle viser. Han har også fått utvikle sin eigen signaturgitar hos The Martin Guitar Co. Øystein Sundes siste suksessforestilling ”Men DA må du ha” var den femte i serien av hans solo-show, og etterfølgjer publikumssuksessane "Kjekt å ha", "Så hatten passer", "Øystein Sunde ...og vel så det" og "Sånn e’re bare".
Øystein Sunde har alltid med seg utsøkte musikarar og bandet hans, Meget i Sløyd, er nokre av dei aller beste som er å oppdrive av allsidige bluegrass-musikarar på denne sida av Atlanter'n.
Meget i Sløyd: Terje Kinn - banjo Øystein Fosshagen - fele og mandolin Knerten Kamfjord - bass Knut Hem - dobro og perkusjon
Ord. 475,-
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement


