Arrangementet "Samling" som skulle vore i Greigsamlingen 16. februar, er diverre flytta til 9. mars grunna uforutsette hendingar.

Sigurd Sandmo i samtale med Terje Søviknes, om Gunnar Berg sitt måleri Landligge i Lofoten (1888).
I foredrags- og samtaleserien SAMLING inviterer vi ulike personar til å bidra med sine perspektiv på Griegsamlingen. Til opninga av serien har vi invitert Sigurd Sandmo frå KODE, direktør for Komponisthjemmene, til å velje tema og samtalepartnar. Framfor det prektige måleriet, kjent og kjært for mange Osingar, vil Sigurd Sandmo og ordførar Søviknes snakka og assosiera fritt kring det dei ser i biletet.
Arrangementet er eit samarbeid med KODE Kunstmuseer og komponisthjem.
Varer ca 1 time.
Ord. 100,-
Gratis for medlemmar av Oseana Kunstklubb.