Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Oseana vårprogram 2019

$
0
0
Bilde: 

Oseana sitt vårprogram 2019 inneheld både stand up, godt teater, utstillingar, konsertar, dans, yoga og mykje meir!

Til dømes kjem Marit Voldsæter med si biologi framsyning, Christel Alsos vitjar oss på sjølve kvinnedagen og Hekla Stålstrenga er tilbake! Sjølvsagt blir det også kvalitetsteater frå Riksteatret, som leverer oss både Georgs magiske medisin av Roald Dahl, Fuglane av Tarjei Vesaas og Havboka av Morten Strøksnes. Festpillene i Bergen kjem med heile to framsyningar, både Matteuspasjonen m/Isango Ensemble og familieframsyninga Pepe & Speedy. Ikkje minst er det mange lokale talent som skal stå på scena i Oseana denne våren; både frå Kongshaug, Os- barne og ungdomsteater, Os ungdomskule og Bjørnafjorden kulturskule med fleire. Gled deg!

Du kan sjå alle arrangementa på vår heimeside, eller hente programmet i vår resepsjon. Om du ønskjer det, kan vi sjølvsagt senda programmet til deg i posten. 

 

Velkomen til Oseana! 


Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571