Musikalske høgdepunkt og humoristiske augneblink
Nordic Tenors sine julekonsertar i Oseana har vore utseld år etter år. No kan du endeleg oppleva dei også utanom julehøgtida.
Konserten "Viva la Musica" er ei hylling til musikken og vil gje publikum ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og humor. Tårnarien, Nessun Dorma, Elvis og nyskriven musikk er nokre få eksempel på det du får høyre.
«Viva la Musica» er eit spansk uttrykk og betyr «lenge leve musikken». Musikk har vore underhaldning og terapi for oss menneske gjennom tusenvis av år. Nordic Tenors sprudlar av sang og musikkglede. Dei erklærer si kjærleik til dei vakre klassiske perlene frå operaens verd og til musikalske høygdepunkt frå pop- og visesjangeren. Deira nydelege stemmer har gjeve mange gåsehud og ugløymelege augneblink. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikum sine hjarte like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan difor gle seg til både store musikalske opplevingar og herleg humor som vil gje lattermusklane god trim!
Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, åpna den nye operaen i Oslo og vunne publikum sine hjarte over heile landet.
Velkomen til ein musikalsk sjarmkveld!
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!


