På Noregsturné med nye låtar
Det er med stor glede vi ønskjer Eva Weel Skram attende i Oseana!
Eva har truffe ei nerve både hjå osingar og det norske folk elles, og har etablert seg som ei av landets aller mest folkekjære artistar. Hausten 2018 slapp ho sitt første album «Finne Heim» med norske tekstar til strålande mottaking.
Heilt sidan Eva begynte å synge på morsmålet etter deltakinga i ”Hver gang vi møtes”, har det gått slag i slag for Sogndalsjenta. Høgdepunkta frå dei siste åra er mange. Singlane frå det nye albumet blei sluppe som perler på ei snor, og konsertpublikum over heile landet kan gle seg til å få servert nye favorittar som «Om du vil» og «Hold meg», i tillegg til både stev og Evas vakre tolkningar av storheiter som Ole Paus og Henning Kvitnes.
Konsertane er, som albumet, smakfullt innpakka i vakre og harmoniske lydbilete. Eva har som alltid med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist Thomas Stenersen.
Det er berre å gle seg til ein stemningsfull konsert i Oseana!
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement
Ord. 485,-


