To kvinner med vidt forskjellege bakgrunnar, konkurrerer om å lure ein ung tech-milliardær for heile formua hans. Men det vert snart tydeleg for dei at dei har meir til felles enn ein skulle tru.
Josephine Chesterfield er ei glamorøs og forførande kvinne busatt i ein overdådig heim på den franske rivieraen. Hennar forkjærleik er sjukt rike menn frå alle verdshjørne. Inn i denne velorganiserte verda plumper Penny Rust, som er Josephines rake motsetnad på alle frontar.
Der Penny håvar inn pengar ved å lure offera sine i lugubre barer, fyllar Josephine safen med enorme diamantar som ho svindlar til seg i glamorøse casinoer.
Til trass for forskjellage metodar, handterar begge kunsten å svindle menn med stil, og når ein uskuldeg tech-grundar – med stor formue - kjem på bana, slår dei hovuda saman for å sikre sin andel av herlegdomen.


