Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Humørsving og heite taktar!

$
0
0
Teaser: 

Svingande rytmar og godt humør

Sjå nettside: 
Arrinfo: 

Humørswing og heite taktar!

Med Tilslørte Bondepiker og Oldtimers Bigband

 

Vokalgruppa Tilslørte bondepiker og storbandet Old Timers Big Band inviterer til ein svingande laurdagskveld i Oseana!

Saman med bandet Veggpryd byr vi publikum på eit musikalsk kinderegg av rytmar, song, humør og heite taktar.

 

Tjue heldige kan sikra seg «Golden Circle suprise»-billettar, ved småbord på scenegolvet. Dei som sit her, kan venta seg ei lita overrasking på kjøpet.

 

Old Timers Big Band er eit fulltalig storband med medlemar frå Os, Bergen og Hardanger. Medlemane har alle lang og solid musikalsk bakgrunn, og spelar svingande storbandmusikk av høgste klasse.

Tilslørte Bondepiker er ei lystig vokalgruppe med fem års fartstid, og over hundre års korerfaring. Damene byr på musikalsk lått og løye, og syng for det meste populærmusikk i spesialskrivne arrangement. Dirigent: Kristine Bjånes

 

Veggpryd er vårt absolutte førsteval som gjesteband, og består av fire heilstøypte musikarar:

Knut Vidar Garlid – piano, kapellmeister, arrangør, bygut.

Hallvard Lyssand – trompet, kommunikasjonskonsulent, nærsynt, emigrant.

Nils Midtseter – trommer og perkusjon, logistikkdirektør, innpiskar.

Arne Hernes – bass, fornuftsansvarleg.

 

Det blir open bar før og etter konserten, med mingling og kanskje dans?

 

Ord. 250,-

Golden Sircle Surprise 300,-

Arrangementdato: 
lør, 02/11/2019 - 19:30
Body2: 
Pris: 
Ord. 250,- / GS 300,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/humorswing-og-heite-taktar-billetter/607585
Billettinfo: 
Arrangør: 
Oseana kunst og kultursenter
Sal: 
Oseanasalen
Arrangement: 
Konsert
Servering: 
Middag før konserten? For meny og bordbestilling i restauranten, ring 53 69 51 40
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571