Musica Nord held fram med kammerkonsertar i Griegsamlingen også denne sommaren. Kvar søndag kl. 14.00 kan du oppleve musikalske perler i flotte omgjevnadar.
Fiolinisten Loussine Azizian og pianisten Daniel Beskow har begge bakgrunn frå den prestisjefylte solistklassen ved Det kongelige danske musikkonservatorium. I dag har dei med seg eit program prega av livsbetraktningane til modne og reflekterte komponistar. Debussy sin mektige fiolinsonate var hans aller siste fullførte komposisjon, og sonatane av Grieg og Beethoven byr også på djupe kjensler omsett til musikk. Grieg sin monumentale C-moll-sonate er hans siste kammermusikkverk, ei musikalsk bearbeiding av eit liv i kamp for kunsten, og Beethovens 7. sonate syner ein stor komponist i kjempande fortviling over å nesten heilt ha mista høyrsla.
Loussine Azizian - Fiolin
Daniel Beskow - Piano
Oseana og Musica Nord vidarefører samarbeidet frå førre sommar, og tilbyr også i år ei flott klassisk konsertrekkje som du kan høyre kvar søndag kl. 14.00 i Griegsamlinga. Det er mogleg å kjøpe billett berre til konserten til kr. 220,- eller du kan kjøpe ein billett som inkluderer konserten og middag i restauranten, til kr. 525,- Konsertbilletten kan du kjøpe både i resepsjonen og via nettsida www.ticketco.no, medan den kombinerte konsert -og middagsbilletten må kjøpast eller bestillast hos restauranten ( 53 69 51 40) eller i resepsjonen (917 50 231).
