Av Knut Hamsun
Foto: Øyvind Eide
SULT av Knut Hamsun
Har du nokon gong kjent deg utanfor?
Sult utkom første gong i 1890. Det skulle bli Knut Hamsuns gjennombrotsroman, og eit verk som samstundes innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både den fysiske sult og den psykiske pine hos den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i moderne diktning, som har bevart si fascinasjonskraft også i dag.
"Sult er en bok som jeg kommer tilbake til, igjen og igjen. Denne ubøyelige, nådeløse, perverse, komiske og usammenhengende undersøkelsen av en enslig karakters tilstand er så radikal at den fremdeles tar pusten fra meg." Siri Hustvedt
-Kven har ikkje kjent på kjensla av å ikkje høyre heilt til, eller vere oversett av andre. Med Sult har eg lyst til å vise at det er menneskeleg å kjenne seg utanfor, seier Anders T. Andersen, som skal ha regi og dramatisere Knut Hamsuns klassikar for Riksteatret. Han står bak ei rekke vellukka dramatiseringar av romanar for teater som Roy Jacobsens «De usynlige», Karl Ove Knausgårds «Om våren» og Geir Gulliksens «Historie om et ekteskap». Andersen stod også bak filmatiseringa av «Berlinerpoplene» for NRK og slepper spelefilmen «Fuglane» basert på Tarjei Vesaas roman hausten 2019. Han har i desse dagar stor suksess med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret.
Også denne gongen skal han lage ei teateroppsetting med mykje bruk av bilete, video og musikk – med mellom andre skodespelar Preben Hodneland og musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars på scenen.
På scenen
Preben Hodneland, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Torstein Bjørklund og Petter Vermeli
Team
Regissør: Anders T. Andersen, Scenograf: Dagny Drage Kleiva, Kostymedesignar: Mette Welle Jacobsen, Lysdesignar: Øystein Heitmann, Lyddesignar: Erik Hedin, Videodesignar: Kenneth Karlstad og Produsent: Emnet Kebreab
Forestillingslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 9. januar 2020
Produsert av Riksteatret
Ord. 420,-
BT/Honnør/Gruppe 10+: 340.-
Student/barn u.16: 220,-


