Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Espen & Are Show

$
0
0
Teaser: 

Espen Beranek Holm og Are Kalvø saman på scena. Kva blir det?

Are Kalvø forklarar sjølv her kva karane prøver på:

" Det handlar om språk. Om kvifor og korleis det kan vere vanskelig å få sagt dei rette tinga på dei rette måtane, i kjærleiken, i kvardagen, i byråkratiet, i media, i politikken. Og djupast sett (om du vil gå djupt, og det er slett ikkje nødvendig i denne forestillinga) om kvifor folk har vanskelig for å forstå kvarandre og finne ut av det med kvarandre og sette seg inn i kvarandres situasjon. Heile forestillinga går føre seg meir eller mindre på same måten som ein samtale mellom to gode venner.

Alt har ein samanheng, men den eine assosiasjonen tek den andre og sidespora er mange. Det kan gli ut i både song, parodiar og - og dette beklager vi - bittelitt koreografi. Men utan at noko av utglidingane kan kallast nummer i tradisjonell revyforstand. Ingen skift. Ingen parykkar. Ingen effektar. Ingen intromusikk. Det er to menn i kvite skjorter på scena heile tida, og berre oss. Det du ser er det du får. Blir det spelt av ein lyd i forestillinga, er det vi på scena som speler han av. Ingen kostymeskift. Ikkje noko anna enn to menn i kvite skjorter, stemmene våre, ein gitar og ein mac.  

Ein stor del av forestillinga eg bygd rundt assosiasjonar til eit faktisk norskkurs for utlendingar som vi har komme over, og som vi speler eit utdrag frå. Mellom emna vi er innom i løpet av kvelden er mediespråk, byråkratispråk, kunsten å seie det rette, kunsten å løyse store problem, halve telefonsamtalar, politiske talar, unnskyldningar, religion, gammal visdom, utkantvisdom, vinlotteri, nye ord, utanrikskorrespondentar, ord som blir borte, trafikkmeldingar, togstasjonar, orientering. Og grilling, sjølvsagt."

 

Men no skal ein ikkje utelukkande tru på kva folk seier om seg sjølve og eigne prestasjonar! Difor skal vi og høyre kva Mona Levin, kulturanmeldar i Aftenposten sa då ho hadde sett showet til Espen og Are:

Når disse to ringrevene, Are Kalvø og Espen Beranek Holm, for første gang står sammen på scenen en hel kveld, behøver man ikke vente på punchlines. 
Poengene høljer over oss som sommerregn, etter hvert som teppebombing. I nærmere halvannen time og i økende tempo spiller Kalvø og Holm verbal og musikalsk pingpong med mening - seg imellom og med salen.

 

No veit ikkje vi kva meir vi skal gjere for å overtyde deg om at dette er verd å få med seg. Billettane er i sal. Vi seier ikkje meir.

Arrangementdato: 
lør, 2013-09-28 19:00
Pris: 
Ord. bill. kr. 395,-
Bilde: 
Fleire bilde: 
Billettinfo: 
Tidlegkjøpsrabatt tom- 31. juli kr. 350,-
Arrangør: 
Oseana
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Espen & Are Show
Karuselltittel: 
Espen & Are Show
Karusellteaser: 
To vaksne menn i kvite skjorter tek kvilepulsen på Noreg.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.