Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Lyttelos

$
0
0
Teaser: 

Griegs A-mollkonsert

Klassisk musikk – kva skal vi eigentleg lytte til? Kva er det med denne musikken som rører ved kjenslene våre? Har du lyst å lære kva som skil ei framføring frå ei anna?

 

Foredraget er morosamt, interessant og krev inga forkunnskap.

Lyttelos Annabel Guaita formidlar klassisk musikk på heilt nye måtar – slik at du får meir ut av lytteopplevinga. Når ho har losa deg gjennom lytteopplevinga vil du både føle og reflektere meir når du lyttar til musikk. Gjennom sine utselde foredrag på Litteraturhuset i Bergen for BFO har ho klart å trollbinde publikum og åpne dørene inn til klassisk musikk på ein måte som ikkje har blitt gjort tidlegare.

Du vil få ei annleis og spanande musikkoppleving – og blir fortruleg med klassisk musikk på eit heilt anna vis enn før.

 

«Lyttelos gjorde møtet med musikken rikare og meir tilgjengeleg på ein lettfatteleg måte», Marius Helle, publikum.

«Annabel Guaita er ein pedagogsik, morosam og kunnskapsrik formidlar som har publikum i si hule hand.» Lene Bergmann, publikum.

               

               

Pianist og musikkformidlar Annabel Guaita har lang erfaring med å kommunisere musikk til ulike menneske, på ulike måtar.

Ho er klassisk utdanna pianist med mastergrad i klarverspel og doktorgrad på den norske komponisten Fartein Valen. Ho har spesialisert seg i det 20. århundrets musikk og samarbeida med ei rekke norske musikarar og samtidskomponistar. I 2011 blei hennar første solo-cd L'Altra Beltá gheven ut på selskapet Lawo Classics med musikk av Valen.

Samstundes var ho svært aktiv som utøvar og spelte på ulike konsertseriar og festivalar i Norge, i tillegg til å turnere i USA, Sør-Amerika og Finland.

Sidan 2012 har Annabel haldt konsertproduksjonar og hatt samtalar med utøvarar og komponistar under Festspillene i Bergen. Ho har også holdt musikkføredrag for Bergen Filharmoniske Orkester og turnert for Fylkeskonsertane Hordaland med formidling av klassisk musikk til barn og unge.

Mellom 2016 og 2018 var ho formidligsleiar på komponistheimane i KODE.

 

Varer omlag 2 timar

Ord. 250,-

 

 

Arrangementdato: 
lør, 08/02/2020 - 16:00
Pris: 
Ord. 250,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/lyttelos-griegs-a-mollkonsert-billetter/612573
Arrangør: 
Oseana Kunst og Kultursenter
Sal: 
Griegsamlingen
Arrangement: 
Foredrag
Servering: 
Oseana Kafé og restaurant, tlf. 53695140
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571