Storm Weather Shanty Choir vart skipa i år 2000, og har sidan den gong fått eit stadig aukande publikum i både inn- og utland. På dei 13 åra sidan starten kan dei skilte med 4 plateutgjevnadar, over 300 konsertar og stor respekt både i rocke- og folkemusikkmiljø.
Koret består av 6 staute karar frå Stord og Sveio: Håkon Vatle, Roald Kaldestad, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem og Ronny Sætre. Seks musikarar med bakgrunn frå rock, heavyrock, visesong og ein seglskutesjømann og sjantimann med mange års fartstid frå SS Statsraad Lehmkuhl, og med mastergrad i sjantiar. Karane pleier å introdusere seg sjølve som "Noregs tøffaste, røffaste og yngste boyband, som syng 150 år gamle coverlåtar".
Gutane er også vel bereiste i sjølige strøk, to av dei har vore på Bermuda, ein har vore 40 min unna Bermuda, medan ein har Bermuda- shorts!
Dei lovar eit musikalsk og medrivande show frå Oseanascena, dette er noko du ikkje vil gå glipp av!
