Refleksjonar kring feministiske utstillingar og kunstsamlingar.
Å kuratera utstillingar berre med kvinnelege kunstnarar har vore vanleg dei siste femti åra. "Kvinneutstillingane" har òg forløparar tidlegare i hundreåret, men det er først i og med framveksten av kvinnerørsla at denne typen utstillingar og kvinner sin plass på kunstscenen for alvor blir problematisert i kunsthistoria. Dei seinare tiåra har det også vore eit sterkare søkjelys på kjønn, og mange store internasjonale musé og galleri har lansert store feministiske prosjekt. Kva er motivasjonen for å laga feministiske utstillingar? Korleis har denne typen utstillingar endra seg gjennom tiåra, og kva plass har kvinner, feminisme og kjønn i kunstsamlingar og musé?
Etter foredraget blir det omvising i utstillinga «Eit anna blikk».
Foredraget er del av samtale- og foredragsserien SAMLING.
Ord. 100,-


