Verdas beste spion vert forvandla til ei due og vert avhengig av sin nerdete tech-offiser for hjelp.
Superspionen Lance Sterling (John Carew) og forskaren Walter Beckett (Herman Tømmeraas) er heilt motsatt frå kvarandre. Lance er elegant, stilig og sjølvsikker. Walter er... ikkje det. Men det Walter manglar av sosiale ferdigheter gjer han opp for ved å vere smart og oppfinnsam. Han skapar nemlig dei fantastiske dingsene som Lance bruker på hans episke oppdrag. Når Lance vert forvandla til ei due, må dei lære seg å jobbe saman på ein heilt ny måte. Klarar dei ikkje det er heile verda i fare.
Regi: Nick Bruno, Troy Quane
Språk: norsk
Produksjonsår: 2019
Skodespelare: John Carew, Herman Tømmeraas, Stian Blipp
Sjanger: Animasjon /Komedie /Familiefilm /Barnefilm /
Nasjonalitet: USA
Lengde: 1t. 42min.
Aldersgrense med begrunning: 6 år.
Denne animasjonsfilmen inneheld enkelte mørke, dramatiske og noko truande scener. Filmen inneheld også fleire actionscener. Filmen har ein grunnleggjande lys stemning med humoristisk preg. Filmen får difor 6 års aldersgrense.


