Hot Club de Norvège er ei av Noregs mest populære jazzgrupper gjennom tidene, men fell mellom alle stolar. Og her ligg kanskje noko av forklaringa på deira suksess. I meir enn 30 år har dei fire musikarane sigla jorda rundt, i ein rusten stasjonsvogn, på tvers av alle rådande vindar. Kvartetten har trossa skiftande vindar og spelt over heile kloden. Først som gatemusikantar på Karl Johan, deretter via pausemusikk på TV (overtok for fiskane i 1981), til landeplaga "Tanta til Beate", og fram til den internasjonale turnéverksemda dei i dag driv.
Hot Club de Norvège "live" gjer ei heilt eigen stemning - som regel med fulle hus, men likevel med ei intim atmosfære. Musikken spenn frå glad og utadvent swing, via heftig lidenskap, til inderlege balladar og tragiske valsar.
Mykje av repertoaret er signert Jon Larsen.
Hot Club de Norvège består av
Jon Larsen (gitar), Finn Hauge (munnspill, fiolin og sag!)
Per Frydenlund (gitar)
Svein Aarbostad (bass).
