Basert på klassikeren frå 1957
Fjols til Fjells er ein oppfølgjar til og inspirert av originalfilmen frå 1957. Filmen utspeler seg i den moderne norske fjellheimen og tek med skjeivt blikk for seg både gamal og ny påskeferietradisjon.
Den unge og altfor serviceinnstilte hotellresepsjonisten Poppe må brått og uventa ta ansvaret for heile hotellet gjennom den hektiske påskeuka. Det oppstår umiddelbart kaos når krevande skigjester, frustrerte hyttenaboar, klønete dansker, festglade ungdomar og misfornøgde ansatte møtes til ein påskeferie fylt med dei merkelegaste historiar, konfliktar og overraskingar. Og det vert ikkje enklare når det skal legges til rette for eit tradisjonelt barneskirenn, ein gigantisk afterski og ein respektfull feiring av påskens eigentlege bodskap – samstundes!
Regi: Petter Holmsen
Språk: norsk
Produksjonsår: 2019
Skuespillere: Herbert Nordrum, Bjarte Hjelmeland, Christian Skolmen, Nils Vogt, Anette Hoff, Nader Khademi, Hedda Stiernstedt, John Emil Jørgensrud, Eirik Risholm Velle, Steinar Klouman Hallert, Erlend Mørch m.fl.
Sjanger: Komedie
Nasjonalitet: Noreg
Lengde: (meir info kjem)
Aldersgrense med begrunnelse: 9 år.


