Nytt konsertshow!
Tenorar i Lin
Tenorane og Steffen Horn er tilbake på Oseana med nytt konsertshow og nytt repertoar.
Denne kritikarroste gruppa består av dei tre tenorane Henrik Hundsnes, Aasmund Kaldestad og David Fielder. Dei er fleksible og erfarne songarar med lang fartstid som frilanssongarar og artistar. Steffen Horn er ein prisvinnande pianist i særklasse, som meistrar dei fleste musikksjangrar.
Konserten har magiske og kraftfulle musikalske augneblink, sprelske påfunn, dans og ein god dose sjølvironi. Her er det garantert noko for einkvar! Dei syng og spelar både solo og i tre og firklang. Dei tullar og tøyser, og rører sitt publikum!
Her kjem Nessun dorma, Anthem, Fix you, Beatles, operettar og musikalslagarar som perler på ei snor. Både show, opera, musikal og humor i same konsert!
Sagt i pressa:
"Dei tre Tenorstemmene var som balsam for sjela, som ren fløte - ubeskrivelig vakkert."(….) "Moderne og klassiske perler kom på rekke og rad, og da de fremførte en Beatles- klassiker som var oversatt til norsk, ønsket vi at de ikke skulle slutte å synge." , Namdalsavisa.
"Perfekte entertainere - Det er sjelden man opplever så helstøpt entertainment. Hver eneste tekst ble iscenesatt og spilt ut som små skjetser...Horn spilte fletta av de fleste og viste hvilken eminent pianist han er.", Gjengangeren
"Ellevilt og stormende jubel....Vakkert, morsomt og iørefallende", Tidens krav
"Livlege og lealause...Hadde det vore opp til publikum, måtte Tenorane og Steffen Horn køyrd Da Capo", Hallingdølen
“Tenorar i storform... tok publikum inn i heile følelsesregisteret.”, Kvinnheringen
"Lattermuskler og ører fikk svært god valuta" (Terningkast 5), Tom Skjeklesæther i Halden Arbeiderblad
"Showet er ei perle, underhaldande og ikkje minst nydeleg å høyre på frå start til slutt", Håvard Hammerstrøm, Bømlo-Nytt.
”Sangerne og pianisten bød på seg selv, var selvironiske og humoristiske og fremførte vakre sanger mens de kommuniserte og flørtet med publikum", Stjørdalens Blad.
"Aldri før har me sett denne gjengen finne på så mange ablegøyar som i kveld, og dei gjorde det med stor musikalitet - og i mange forskjellige sjangre med norske tekstar, kjempebra!", Fitjarposten.
Ord. 350,-
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement her
Clik here to view.

Clik here to view.

Clik here to view.
