Bli med på feiringa!
Ei hyllest til livet, kjærleiken og saftig nordnorsk humor!
Halvdan starta året med å fylle 70 år den 5. januar. Omtrent ved midnatt same dag var konserten i Oslo Spektrum utseld. Halvdan sine første 70 år på denne jorda, og den mangfaldige karrieren hans så langt, skal også feirast utover hausten i utvalde konserthus rundt om i landet.
Karrieren til Halvdan spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i Bodø sitt pop- og rockmiljø på 60-talet, via visebølgja på 70-talet, til å bli ein av dei mest populære artistane i landet dei siste 30 åra.
I tillegg til å gje ut ei rekke prisvinnande album og være ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, Gitarkameratene, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for ein heil generasjon nordmenn, alltid hugsas som «faren» til Labbetuss.
Halvdan Sivertsen er eit av dei varmaste og morosamste menneska i norsk offentligheit, og etter eit halvt århundre som artist, har han fortsatt mykje på hjartet. Han er framleis opptatt av den stakkars kloden vår, og brenn fortsatt for kjærleiken, vennskapet og dei som treng oss.
Vi garanterer ein kveld med hits og klassiske låtar, med kort vei mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida vi lever i, og med dei mjuke balladane og dei fengande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.
Vær med å feire ein ekte heidersmann!
Følg gjerne vårt Facebook arrangement


