Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

A Tribute to Dire Straits

$
0
0
Teaser: 

On The Swedish Night

Alle som elskar Mark Knopfler og hans gamle band Dire Straits har noko å glede seg til! Etter utselde konsertar i heile Sverige på deira mangeårige turnear, tar «A Tribute to Dire Straits» turen til Noreg og Oseana.

 

«Vi har reist Sverige rundt med dette showet i 6 år, men vi er fremdeles overveldet av publikums fantastiske tilbakemeldinger», seier Stefan Jonsson.

Alt starta som ein morosam idé på ein kafé i heimbyen til gutta. Bandet; bestående av Totte Rajamäki, Stefan Jonsson, Sven Hammarström, Ola Johansson, Janne Stål og Martin Lindqvist, ønskte å laga ei lokal musikkscene i heimbyen. Resultatet blei ei hyllest til Dire Straits.

Det som starta som ei lokal greie utvikla seg raskt. I dag turnerer bandet både i heimlandet Sverige og elles i Skandinavia. Dei blir rosa av både publikum og kritikarar for sine tolkningar av Mark Knopflers legendariske band. I forkant av den foreståande turneén lovar bandet å levere den beste hyllinga til Dire Straits nokonsinne. «Før denne turen har vi kuttet ut alt annet for å levere det største og beste vi noensinne har gjort» seier Totte Rajamäki.

Gruppa Dire Straits blei starta i 1977 av Mark Knopfler, John Illsley, David Knopfler og Pick Withers. Saman danna dei gruppa som blei ein suksess over heile verda! Gjennom World Tour 1985-1986 blei det seld 3 millionar billettar og bandet selde over 100 millionar plater med hits som «Sultan of Swing», «Walk of Life» og «Money for nothing». Dire Straits mest selde album, «Brother in Arms» var det første album som selde over ein million eksemplar i det nye CD-formatet. Bandet blei oppløyst i 1995, men musikken lever framleis. Det er absolutt verdt ein hyllest-turnè.

 

A Tribute to Dire Straits består av:

Totte Rajamäki – song og gitar
Stefan Jonsson – solo gitar
Jan Steel – bass og song
Martin Lindqvist – saxofon, keyboard og perkusjon
Ola Johansson – trommer
Sven Hammarström – keyboard

 

Nokre drypp frå pressa:

– A Tribute to Dire Straits is high standard (Corren)

– Stefan Jonsson´s guitar game is phenomenal (The Barometer)

– The World´s Best Interpreter of Dire Straits (Västerviks avis)

 

Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

 

Arrangementdato: 
lør, 13/02/2021 - 19:00
Pris: 
Ord. 585,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/a-tribute-to-dire-straits-billetter/632215
Arrangør: 
Oseana kunst- og kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Oseanasalen
Video: 

A Tribute to Dire Straits - On the Swedish Night - Trailer 17/18

Servering: 
Middag før konserten? Oseana kafé og restaurant - for opningstider, meny og tinging av bord ring 53 69 51 40.
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571