Reinspikka actionkomedie!
Ein romantisk actionkomedie for folk flest!
Salaam aleikum!
I Statsteatrets niande framsyning ønskjer vi velkomen til vår eiga samtid. Denne gongen har vi lagt ut på ei lang reise i håp om å få auge på oss sjølv. Handlinga er nemleg lagt til Lahore, Pakistan. Vi følgjer eit norsk filmselskap i sitt ihuga arbeid med å lage ein thriller av internasjonalt kaliber. Med i det mangslungne teamet finn vi også den norske skodespelaren Shahid Khan. Filmteamet kjempar mot klokka, kreditorar, korrupsjon og konspirasjonar, samt eit ublidt møte med ein tiger. Vil filmen nokonsinne bli ferdig?
Velkomen til ei fundamental reise i skuggen av mangotrea. Velkomen til ei historie for folk flest.
Medverkande: Per Kjerstad, Gard B. Eidsvold, Cato Skimten Storengen og Kim Sørensen
Regi: Yngve Sundvor
Dramaturg: Morten Kjerstad
Av: Yngve Sundvor og Statsteatret
Varer ca. 90 min


