Denne sommaren viser vi verk frå den mangfaldige Griegsamlingen i begge utstillingsromma på Oseana: Galleri Hvelvet og Griegsamlingen.
For første gong sida verket blei kjøpt inn til samlinga i 2013, viser vi Alf Rolfsen sitt store måleri, "Leiv Eiriksson oppdagar Amerika", for Oseana sitt publikum. Verket har ei interessant historie som vil bli presentert i foredraget og i dei små omvisingane i etterkant. I tillegg viser utstillinga verk av sentrale kunstnarar som Johan Christian Dahl, Nikolai Astrup, Thorvald Erichsen, Peder Balke, Christian Skredsvig, Xan Krohn, Per Krohg, Harriet Backer, Fritz Thaulow, Eilif Peterssen med fleire.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
- Hald avstand på minst ein meter til andre
- Vask hendene
- Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
- Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.


