
Bilete lånt frå filmweb.no
Bygdekinoen er for fast inventar å rekne, med kinovisningar annankvar søndag i Oseanasalen. Etter ein lang sommarferie startar no Bygdekinoen oppatt sine visningar, med fyrste kinosøndag 11. august, og sidan går det slag i slag heilt fram til jul.
- Denne hausten kjem Bygdekinoen i partalsveker, i motsetning til kva den gjorde denne våren, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Fyrste film ut er den nye storfilmen "Monsteruniversitetet", som har fått gode kritikkar i media allereie. I filmen møter du att kompisane Mike og Sully, som mange vil kjenne frå filmen "Monsterbedriften". No får vi vite korleis det gjekk til då dei møttest.
- Denne filmen har Noregspremiere 2. august, så dette er skikkeleg ferskvare! Dei litt eldre kan nyte synet av Brad Pitt som freistar å redde verda frå zombieinvasjon i filmen "World War Z" kl. 19.00, seier Hjelle.
"World War Z" har aldersgrense 15 år, medan "Monsteruniversitetet" har aldersgrense 7 år.
Ikkje billettar på nett
Oseana og Bygdekinoen gjorde i vår ei prøveordning med å selge kinobillettar via internett. Dette viste seg å ikkje fungere slik ein hadde håpa.
- Trass i at vi stadig har fått tilbakemeldingar om at publikum ynskte å kunne kjøpe billettar på nett, og i tillegg kunne få velje sete sjølve, var det eit fåtal som gjorde seg nytte av ordninga. Systemet hadde også utfordringar når vi skulle selje billettane i resepsjonen på kinodagen, noko som førte til lange køar. Vi har difor vald å legge prosjektet på is inntil vidare, og gå tilbake til dei gamle billettane, forklarar Hjelle.
Prisen vil framleis bli kr. 80,- for barnefilmen og kr. 100,- for filmen for dei vaksne. Billettane til søndag 11. august er allereie i sal, og kan kun kjøpast i resepsjonen på Oseana.
Rabatt med kulturkort og SMS- varsling
Nytt av året er at Bygdekinoen har inngått samarbeid med ordninga Kulturkort for Hordaland, eit kort som gjeld for ungdomar mellom 16 og 20 år.
- Ved å vise fram Kulturkortet når ein kjøper billetten, får ein kr. 20,- i avslag på filmen som går kl. 19.00, forklarar Hjelle. Avslaget gjeld for ein billett pr. kort, og kan ikkje brukast på barnefilmen kl. 16.00.
No er det et også mogleg å få vekas kinoprogramm som SMS- varsling.
- Ved å registrere telefonnummeret sitt på Bygdekinoen sine nettsider, kan ein tre dagar før kinodagen få tilsendt eit varsel om kva som er vekas filmar, forklarar Hjelle. Tenesta kostar kr. 1,- pr. melding, og er enkel å melde seg av den dagen ein ikkje lenger ynskjer varsel. Du kan registrere deg ved å trykke her, eller du kan henvende deg i resepsjonen på Oseana og få det gjort der. Det vil også bli råd å få gjort det på kinosøndagane framover hausten.
Mormor, Albert og Flåklypa
Hjelle oppmodar alle til å følgje godt med på programmet utover hausten, då mange gode filmar vil kome til kinolerretet.
- For dei yngste kjem storfilmane som perler på ei snor denne hausten. Allereie 25. august viser vi den nye filmatiseringa av "Mormor og de åtte ungene", og seinare denne hausten kjem både Albert Åberg og Jul i Flåklypa. I tillegg blir nye møter med Kung Fu Panda, Smurfene og gjengen i Madagaskar, fortel Hjelle.
Det skulle med andre ord vere mykje å sjå fram til på filmfronten i Oseana! Kinoprogrammet blir løpande oppdatert på Oseana sine kinosider. I tillegg vil du finne informasjon på Bygdekinoen sine heimesider og på Oseana sine Facebook- sider.