Ein komedie om kjærleik og andre katastrofar
Komedien Dianas bryllup er ein høglydt hyllest til dei som hiv seg hodeløst inn i kjærleiken. Historia om to som aldri sluttar å elska kvarandre, uansett kor mykje dei går kvarandre på nervane
Det er 29. juli 1981. Lady Diana Spencer går ned kyrkjegolvet saman med Prins Charles i ærverdige St. Pauls katedral i London. Same dag står òg eit anna bryllaup i kantina til Borregaard Industrier. Der er det bryllaupsfest for det nygifte paret Liv og Terje. I ei barnevogn ligg den nyfødde dottera deira Diana, som skal sjå mykje rart i åra som kjem. Liv og Terjes heisatur av eit ekteskap blir observert frå sidelinja av Diana, heilt frå ho er baby til ho flyttar heimefrå. Alt ho kan sjå er dei verste foreldra i verda, som på ingen måte gjer så godt dei kan. 30 år seinare skal stå endå eit bryllaup. Det er Diana som skal gifta seg på eit gods i Sverige. Nervane står i høgspenn, og verre skal det bli
Regi: Charlotte Blom
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Marie Blokhus, Pål Sverre Hagen, Olav Waastad, Jannike Kruse, Ine Willman, Nader Khademi
Sjanger: Komedie
Nasjonalitet: Noreg
Lengde: 1t. 37min.
Aldersgrense med begrunning: Denne filmen har enkelte parti med utrygg stemning, kjensleutbrot og skildringar av samlivskonfliktar. Filmen får derfor aldersgrense 12 år
Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.


