Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps har sidan 2011 invitert til Swinging Christmas - ei svingande musikalsk innleiing til jula. Ferda går først til Stavanger og Os før ho blir avslutta i Bergen.
Vel møtt til ein svingande førjulskonsert med norsk og internasjonal julemusikk, ispedd andre fengande låtar med fart og futt! NRKs Beat for Beat-programleiar, Atle Pettersen, er solist saman med Ingeborg Walther, som denne hausten deltek på NRK TVs Stjernekamp.
Dirigent: Tarjei Grimsby
Solister: Atle Pettersen og Ingeborg Walther
Pianist: Dag Arnesen
Ord. 300,-
Honnør/Student 200,-
Varer ca 2 timar
______________________________________________________________________________
Smittevern:
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
- Hald avstand
- Vask hendene
- Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
- Betal gjerne med kort (kontantlaust)
- Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/


