Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Carte Blanche - Not here / not ever

$
0
0
Teaser: 

Carte Blanche kjem med Festspill- framsyninga Not here / not ever.

Arrangementdato: 
tir, 2013-09-24 19:00

Foto: Yaniv Cohen

Carte Blanche – Norges nasjonale kompani for samtidsdans – får internasjonal merksemd for sine nyskapande produksjonar og er stadig på turné. Her heime har dei og eit stort og begeistra publikum som no kan sjå fram til nok ei grensesprengande framsyning - Not here / not ever av den tibetansk- kinesiske koreografen Sang Jijia. Not here / not ever hadde urpremiere 3. juni i år under Festspillene i Bergen, og framsyninga er ein samproduksjon mellom L’Onde Théâtre et Centre D’Art Vélizy-Villacoublay og Festspillene i Bergen.

Frå sin multikulturelle smeltedigel av inspirasjonskilder skapar Sang Jijia ein heilaftan med Carte Blanche. Sang Jijia har laga eit forrykande, komplekst og vakkert stykke for 10 dansarar. Med intens energi drivast koreografien framover og er både vakker og følsom. I de ulike scenene ser vi små historiar som får oss til å undrast og nokon gongar trekjke på smilebandet!

Som liten gut i Gansu-proijia var planen til Jijia å bli munk, men då han som 13-åring ble plukka ut til å studere folkedans ved Minzu University i Kina, endra alt seg. Jijia utmerket seg i studiane av over 20 ulike minoritetar sine dansetradisjonar, samstundes som han oppdaga moderne dans og fridomen som følgde med dette. På siste halvdelen av 90-talet mottok han ei rekkje prisar – også i Paris og New York – og siden den gong har han budd og jobba i en rekkje land, sjølv om Kina er basen hans. Frå 2002 studerte Jijia med William Forsythe som mentor, gjennom det prestisjefylte programmet Rolex Mentor and Protégé Arts Initiative, noko som resulterte i eit fire år langt samarbeid med The Forsythe Company.

Som dansar og koreograf er Sang Jijia oppteken av sine tibetanske røter, men han henter samtidig inspirasjon frå heile verda. Arbeidet hans kjenneteiknast av visuell kunst, arkitektur og multimedia som han har teke med seg inn i ein austleg estetikk. Sang Jijia videreutviklar dette uttrykket inn i nordiske rammer gjennom sitt samarbeid med Carte Blanche. 

Koreografi, scenografi Sang Jijia
Komponist Dickson Dee (CASH)
Kostyme Indrani Balgobin
Lysdesign Ađalsteinn «Alli» Stefánsson
Videodesign Adrian Yeung
Foto Yaniv Cohen

Varer i 70 minutt, utan pause.

Pris: 
Ord. bill. kr. 300,-
Bilde: 
Lengde: 
70 min utan pause
Billettinfo: 
Tidlegkjøpsrabatt t.o.m. 31. juli kr. 235,-
Arrangør: 
Carte Blanche
Arrangement: 
KalenderTittel: 
Carte Blanche
Karuselltittel: 
Carte Blanche
Karusellteaser: 
Not here / not ever. Tysdag 24. september kl. 19.00

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Trending Articles


Girasoles para colorear


mayabang Quotes, Torpe Quotes, tanga Quotes


Tagalog Quotes About Crush – Tagalog Love Quotes


OFW quotes : Pinoy Tagalog Quotes


Long Distance Relationship Tagalog Love Quotes


Tagalog Quotes To Move on and More Love Love Love Quotes


5 Tagalog Relationship Rules


Best Crush Tagalog Quotes And Sayings 2017


Re:Mutton Pies (lleechef)


FORECLOSURE OF REAL ESTATE MORTGAGE


Sapos para colorear


tagalog love Quotes – Tiwala Quotes


Break up Quotes Tagalog Love Quote – Broken Hearted Quotes Tagalog


Patama Quotes : Tagalog Inspirational Quotes


Pamatay na Banat and Mga Patama Love Quotes


Tagalog Long Distance Relationship Love Quotes


BARKADA TAGALOG QUOTES


“BAHAY KUBO HUGOT”


Vimeo 10.7.0 by Vimeo.com, Inc.


Vimeo 10.7.1 by Vimeo.com, Inc.