med gjestar
Endeleg tek Håvard sitt juleshow til Oseana!
Tidlegare år har juleshowet blitt ein fin førjulstradisjon i Fusa. No tek han showet over fjorden og set julestemning i Oseanasalen. Gled deg til både tradisjonelle og moderne julelåtar med fullt band – i tillegg til mange lokale gjesteartistar frå begge sider tå fjorden.
Gjesteartistar vil bli annonsert når konserten nærmar seg.
Med seg i husbandet denne kvelden har Håvard Erik Rolland (gitar), William Rolland (bass), Idar Rolland (slagverk) og Reidar Opdal (piano).
“A powerhouse country guitarist and singer from Norway, who I produced and engineered an EP and a full length album. This guy can PLAY GUITAR!” Erick Jaskowiak, produsent Nashville, Tennesse
«… i albumet (Small Town Dead) finner du både låter som vekker gladfølelsen og ballader som treffer hjertet» Countrynorge.no
Om Håvard:
Gitaristen og artisten Håvard frå Fusa, har i ein alder av berre 25 år, produsert både debut-EP og debut-album i Nashville, Tennesse. Der fekk han hjelp av den prisvinnande Erick Jaskowiak, og nokre av dei ypparste session-musikarane country-hovudstaden har å by på.
Det neste albumet vart spelt inn heime i Noreg, i Nidaros Studio i Trondheim med Åge Aleksandersens våpendrager, Skjalg Raaen som produsent.
I 2019 drog Håvard igjen til Nashville for å utvikla seg som låtskrivar. Denne gongen fekk han opptre på dei kjende spelestadane «Bluebird Cafe» og «Whiskey Jam» - noko få norske artistar har gjort. Under dette oppholdet laga han materiell til sitt siste album «Small Town Dead», kor han mellom anna samarbeida med Grammy-vinnar Buick Audra, som er med som låtskrivar og gjestesongar på nokre av låtane.
Håvards musikk kan karakteriserast som både country, country-rock og sørstatsrock. Musikkstilen er inspirert av tradisjonell country, som Blackberry Smoke står for, og meir moderne country-artistar som Eric Church, Brad Paisley og Keith Urban.
Varer ca. 90 min
Ord. 330,-
_______________________________________________________________________________
Smittevern:
Til denne konserten er det unummererte seter, og vi har maks kapasitet på 200 publikummarar.
For å følgje krava frå FHI om avstand (Covid 19), SKAL det være 2 tomme seter mellom publikum som ikkje er i nær relasjon. Ein av våre kulturhusvertar vil vise deg plass. Vær gjerne ute i god tid.
Din innsats gjer ein forskjell. Følg råda frå Folkehelseinstituttet når du vitjar Oseana:
- Hald avstand
- Vask hendene
- Bruk papirlommetørkle eller albogekroken ved hoste
- Betal gjerne med kort (kontantlaust)
- Unngå kontakt med felles overflater
Oseana har intensivert vask av hyppige kontaktpunkt i huset, og følgjer dei generelle hygieneråda frå Folkehelseinstituttet. Personar med symptom på luftveisinfeksjon oppmodast om å halda seg heime.
Fakta, råd og tiltak om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine sider: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/


