Bjørnafjorden næringsråd
Kvifor ein Politisk Spørjetime, spør du…
Det er no snart eitt år sidan Bjørnafjorden kommune fusjonerte frå dåverande Os og Fusa kommune. Kva har skjedd det første året som Bjørnafjorden kommune? Kva lova poltikarane oss, og kva er innfridd? Korleis ser framtida ut, kva skjer med Lyseparken, med parkeringssituasjonen i sentrum, og med havna i Os? Kva med Samnøy Næringsområde? Kva lærdom tek vi med oss vidare etter koronapandemien, og korleis kan den ha påverka næringslivet i kommunen vår? Spørsmåla er mange, og de har sikkert mange fleire – alle fortener svar.
Politikarane er inviterte og vil møta næringslivet, dei er klare for å gje dykk svar. Ordførar Trine Lindborg og varaordførar Mikal Leigland var dei fyrste som sa ja, og saman med representantar frå dei ulike partia ser dei fram til arrangementet. Kommunens budsjettkonferanse vil akkurat vere avslutta før spørjetimen, og kanskje har dei ny informasjon å dele med oss.
Kvelden blir delt opp i tre ulike tema:
- Liv i Bjørnafjorden.
- Bruk og utvikling av eksisterande og komande næringsområde og areal.
- Tankar rundt næringsutvikling og framtida.
Kvelden blir leia av Ove Sjøstrøm, mangeårig TV2-journalist. Send spørsmåla dine til 59446033 på førehand om du ønsker – eller send dei frå salen som publikum. Alle spørsmål er anonyme.
Det er avgrensa plassar, så ver gjerne raskt ute med å melde deg på – dette blir ein kveld for næringslivet i Bjørnafjorden. Det vil kun vere mogleg å registrere seg på førehand.
Ta gjerne middagen på Oseana kafè og restaurant, eller ta med deg ein termokopp med kaffi – vi tenker grønt, samstundes som vi følger FHIs retningslinjer og råd.
Vi gler oss til sjå dykk!


