Quantcast
Channel: Oseana Kunst og Kultursenter
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Eksklusiv releasekonsert med HM Johnsen

$
0
0
Teaser: 

Serenity

Etter avlysing av store internasjonale turnear, vil Hans-Marius Johnsen halde ein eksklusiv og intim konsert i samband med lansering av hans godt omtalte EP. Kritikarar rundt om i verda har omtalt EPen som ei spanande og inspirerande eksportvare frå Noreg!

 

HMs nye EP kjem ut fredag 27.november, så her rekk du akkurat å høyre gjennom plata før sjølve konserten. Tittelen på EPen er Serenity, og det er noko av det HM ønsker å formidle under nett denne konserten. Sterke Tekstar, Sterke Riff og Sterke Meiningar ber preg undervegs av EPen, og jammen skal dette fram denne kvelden.

 

Kun få billettar er lagt ut, så her gjeld det å skaffa seg ein plass blant publikum!

 

Kritikarar rundt om i verda har mellom anna dette å sei om HMs nye verk:

"Gone is the gutsy blues of his formative years.

And in its place a fresh, focused and frankly triumphant soundscape that’s as impressive as it’s immersive» (RUSH ON ROCK MAGAZINE UK)

 

« I love how rock HM Johnsen‘s music sounds, I love how much work, drive and energy he put into his journey to success» (The Shortlisted Magazine UK)»

 

I tillegg til fleire gode omtalar, har HMs siste låt frå EPen blitt hanka inn på APPLE sine eigne playlists for «NEW MUSIC DAILY», samt blitt spelt på over 30 radiostasjonar i England.

 

Det blir ein intim konsert med HM, som denne kvelden har med seg ein pianist. Det vil kanskje bli HMs einaste konsert i år og til neste år, då det ventar andre store prosjekt!

 

Hjarteleg velkomen I Griegsamlingen i Oseana!

Arrangementdato: 
fre, 27/11/2020 - 17:00
Pris: 
Ord. 275,-
Bilde: 
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/eksklusiv-releasekonsert-med-hm-johnsen-billet...
Arrangør: 
Oseana kunst- og kultursenter
Arrangement: 
Konsert
Sal: 
Griegsamlingen
Video: 

HM JOHNSEN - Stay Within Range

Servering: 
Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no
Slideshow: 
TV: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571