Quantcast
Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571

Vinterreisa

Teaser: 

Liedduo Tvinnereim & Jansson

Vinterreisa – ei indre reise i vintermørket

-­ med Erlend Tvinnereim, tenor & Knut Christian Jansson, klaver.

 

Med utgongspunkt i romantikkens kanskje største songsyklus Winterreise av den Wien-baserte komponisten Franz Schubert (1797-­1828), vil Tvinnereim og Jansson formidle denne usedvanleg innhaldsrike og gripande musikken for det vestlandske publikum.

 

Winterreise Op. 89 (D911) består av 24 songar og er basert på tekstar av den tyske
lyrikaren Wilhelm Müller (1794-­1827). Müller reknast som ein av dei første tyske
poetane. I likhet med Schubert, som også reknast som ein av dei første romantiske
komponistane og som romansesongens far, døde Müller i byrjinga av 30-­åra.
Schuberts siste år var prega av mykje sjukdom og motlause. Winterreise er eit verk
som gjenspeglar denne prosessen. Verket er blant dei aller mest kjende og framførte
songsyklusane i det romantiske Liedrepertoaret, som nok kjem av dei eksistensielle
spørsmåla som blir stilt i tekstane og det djuptgåande musikalske utrykket i
komposisjonen.

 

Winterreise gjev med sine velkomponerte songar ei unik moglegheit til å reflektere over livets opphav, slutt, og ikkje minst meining. I ei tid kor trivialitet, effektivitet og
kvardagsstress «tidsklemma», pregar liva våre i så sterk grad at prestasjonsangst
og psykiske lidingar er eit gjennomgongstema hos ungdomsgenerasjonen, ønsker vi å gje rom for refleksjon og ettertanke rundt desse eksistensielle spørsmåla. Ei reise
gjennom dette verket kan tolkast på så mange måtar, og forblir kvar tilhøyrars eigen
oppfatning. Tvinnereim og Jansson vil at deira Vinterreisa skal gje innsikt i håpet, like fullt som desperasjonen, og at den musikalske formidlinga skal gje grobunn for forståing og glede for den lysare tid som er i vente – på det reint fundamentale så vel som det psykologiske plan.
 
For å kome publikum nærast mogleg med deira tolking av det musikalske verket,
har dei valt å framføre det på norsk. Det finst ei flott, poetisk gjendikting av André
Bjerke (Solum Forlag, 1976), som forholdsvis godt følger Müllers originale tekstrytme
og Schuberts melodiføring. Dei har valt å bruke denne for å knytte formidling av tekst
og musikk så tett saman, at det gjev eit godt og forståeleg utgongspunkt for
interpretasjon, og gjer verket meir tilgjengeleg for dei som utøvarar, så vel som for
publikum. Formidlinga skal vere lett tilgjengeleg, og det blir difor lagt vekt på ei presentasjons-tilnærming som er meir uformell, kor dei bevisst bryt med den konforme og stive konserttradisjonen. Ein kan gjerne kalle deira presentasjon for semi-­regissert, sjølv om det dreiar seg om mindre, dog effektive sceniske grep, for å skape variasjon i utrykket, gjere framtoninga meir «folkeleg» og for på best måte halde publikums konsentrasjon og merksemd gjennom heile verket.

 

Framføringa varer ca. 70 min

Verket består av 24 songar.

Ord. 225,- / Stud. 125,-

Avgrensa plassar på unummererte seter i Griegsamlingen.

 

 

 

Liedduo Tvinnereim & Jansson

 

Tenoren Erlend Tvinnereim (1981) er født og oppvaksen i Bergen. Etter fullført Bachelorgrad frå Griegakademiet, UiB, flytta han til Sveits, for å studere vidare med den anerkjende Professoren Scot Weir på Hochschule der Künste Zürich. Då han fullførte sin Mastergrad, blei han tilbydd plass på Solistdiplomstudiet som han avslutta med sin Debutkonsert i 2011.

 

Parallelt med studiane blei han tilsett som praktikant ved Theater Basel i sesongen 2008/2009, kor han som medlem av solistensemblet song i Der Fliegende Holländer (Steuermann) Les Dialogues des Carmelités (L`Aumonier), The House of the Dead (Straz) Parsifal (Gralsritter), Club Cosi (Ferrando) og kunst-­operaen «Il tempo del postino», som ein del av den 40. ArtBasel Festivalen. Sesongen 2015/2016 var han engasjert som solist på Grand Thèâtre de Genève, kor han mellom anna song Oronte i Alcina, Ruodi og Rudolphe der Harras i Guillaume Tell og Bardolfo i Falstaff.

 

Erlend Tvinnereim har sidan gjesta operahus som Theater St.Gallen, Statsoper Hamburg, Free Opera Company Zürich, Ho Chi Mihn City Opera, Bergen Nationale Opera, Artisk symfoni & Opera og Szeged National Theatre (Ungarn). Engagement fører han saman med dirigentar som Cornelius Meister, Jesus López-­Cobos, Leonardo Alracón, Andrea Marcon, Gabriele Ferro, Friedemann Layer, Marc Soustrot, John Fiore, Helmuth Rilling, Andrew Litton og Gabriel Feltz. Han har stått på scenen i regi av Calixto Bieto, Phillip Stölzl, Katharina Thalbach, David Bösch, David Poutney, John La Bouchardiere, David McVicar og Róbert Àlföldi.

 

Som etterspurd konsertsongar opptrer Erlend Tvinnereim regelmessig i store delar av
Europa, med hovudverke i Sveits, Tyskland, Nederland og Skandinavia. Han har etter kvart opparbeida eit betydeleg repertoar som inkluderer alle Bachs pasjonar og messer, Juleoratoriet og Magnificat, Händels Messias, Solomon, Theodora, Belshazzar og Dixit Dominus, samt Mozarts Rekviem, Skapelsen av Haydn og Beethovens 9. symfoni, for å nemne nokre. Innan samtidsmusikk kan han vise til førsteframføringar av komponistane Gion Antoni Derungs og Mathias Heep. Han song på urframføringa av Knut Vaages opera Veslefrikk i 2010 og hadde hovedrolla i europapremieren av Lera Auerbachs kammeropera "The Blind" under Trondheim Internasjonale Kammermusikkfestival 2013. Erlend Tvinnereim vant Migro-­Genossenschaftsbund (Sveits) songarpris i 2010 og mottok same året Henry Klæstads Legat og Bergen Kommunes Kunstnerstipend for 2011.

 

Knut Christian Jansson, (f 1976) har studert klaver med Jiri Hlinka ved Griegakademiet og Einar Henning Smebye ved Norges musikkhøgskole. Forutan klaverstudier har han også kyrkjemusikkutdanning frå Griegakademiet.
 
Han har mellom anna vore solist ved Bergen Filharmoniske Orkester, Sjøforsvarets Musikkorps og Det Norske Blåseensemble. Han er ein svært aktiv kammermusikar og har arbeida med musikarar som Tine Thing Helseth og Christian Lindberg. Dei siste åra har han vore akkompagnatør for fleire av Noregs leiande songarar, som Torbjørn Gulbrandsøy, Halvor Festervoll Melien, Erlend Tvinnereim og Hilde Haraldsen Sveen. Han har også gjennomført ei rekke konsertar med desse. Vidare har han arbeida på tvers av kunstartane og samarbeider mellom anna med kunsthistorikar Gunnar Danbolt og skodespelar Ragnhild Gudbrandsen Han er regelmessig benytta som pianist i ensemblet Bit20. Frå hausten 2019 underviser han ved Griegakademiet, Universitet i Bergen. Han har spelt på ei rekke festivalar, deriblant Festspillene i Bergen, Borealisfestivalen og Østfold kammermuikkfestival. Han har også markert seg som utøvar på hammerklaver.
 
Jansson har bygd opp eit av landets største kyrkjelege guttekor i Fridalen kyrkje, og saman med dei framført ei rekke store kyrkjemusikalske verk, som Juleoratoriet av J.S.Bach Händels Messias og Mozarts Requiem.

 

 

Arrangementdato: 
søn, 17/01/2021 - 14:00
Pris: 
Ord. 225,- / 125,-
Bilde: 
Image may be NSFW.
Clik here to view.
Kjøp billett: 
https://www.ticketmaster.no/event/vinterreisen-billetter/651849
Arrangør: 
Oseana kunst- og kultursenter
Sal: 
Griegsamlingen
Arrangement: 
Klassisk
Servering: 
Oseana kafé og restaurant, for meny og tinging av bord kontakt 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no
Slideshow: 
Image may be NSFW.
Clik here to view.
TV: 
Image may be NSFW.
Clik here to view.

Viewing all articles
Browse latest Browse all 1571