Ein morosam julemusikal om tradisjonar, forventningar og familie.
Bykalven Klara skal feira jul på Kutoppen for første gong og har store forventningar til kva som møter henne der oppe. Skuffelsen blir stor då pappa Mosk ikkje bryr seg om jul, og ikkje har gjort i stand noko som helst. Mosk blir tilkalla på måkeoppdrag, og han blir sitjande snøfast på hytta til den ufordragelige Pauline. Klara og bestevennen hennar, Gaute, bestemmer seg for at dei skal laga ei fantastisk jul på Kutoppen for å overraska pappa Mosk til han kjem tilbake.
Men korleis lagar ein ei perfekt jul? På Sætra bur det ein ekte juleekspert, den tverre geita Bærnt. Bærnt er veldig opptatt med sine eigne tradisjonar, samstundas som han er ufrivillig vertskap for den alternative høna Chickolina. Han ikkje har tid til å hjelpa Klara og Gaute.
Klara oppsøker i staden fjøsnissen som gøymer seg på låveloftet. Ho lagar graut til nissen, så han skal hjelpa henne. Det Klara ikkje veit er at Nissen blir klin kokos viss han får graut før julaftan. Klara og Gaute må finna ein måte å stoppa Nissen på, før han øydelegg heile garden, og før Mosk kjem heim og oppdagar julekaoset som Klara har stelt i stand
Regi: Will Ashurst
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020
Skodespelarar: Henriette Faye -Schjøll, Marit Andreassen, Fridtjov Såheim, Charlotte Frogner, Mads Eldøen, Sigrid Bonde Tusvik, Jan Martin Johnsen, Thomas Seltzer
Sjanger: Familiefilm /Bornefilm
Nasjonalitet: Norge
Lengde: 1t 8min
Aldersgrense med begrunning: Alle
Filmen inneheld noko enkelte skumle scener med ein nisse som forandrar åtferd. Då desse scenene er kortvarige og føregår i ein trygg og humoristisk ramme, blir filmen antatt å ikkje vera skadeleg for dei yngste. Han blir derfor tillaten for alle
Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.


