Årets store julekomedie!
Annemor og Frank gleder seg over at barn og barnebarn skal feira jul heime på garden for første gong på ti år, men det går ikkje heilt etter planen. Dottera Tessa har bytta ut sambuaren Emma med ein slesk, svensk fitness-trener, medan sonen Samuel er på randa av ei skilsmisse på grunn av ein glutenallergisk hund. Barnebarnet Petter prøver å fri til den vakraste jenta til skulen på hebraisk og naboen Nils er døden nær.
Det må manøvrerast mellom små og store katastrofar for å halda familien samla, men akkurat i det juleroen søkkjer seg kjem ein gammal løyndom til overflata.
Blir den siste jula til denne familien saman?
Regi: Henrik Martin Dahlsbakken
Språk: norsk
Produksjonsår: 2020r
Skodespelarar: Anne Marit Jacobsen, Otto Jespersen , Nils Jørgen Kaalstad, Iben Akerlie, Ellen Dorrit Petersen, Tarjei Sandvik Moe, Alma Günther, Filip Berg, Marie Blokhus, Ingar Helge Gimle, Linn Skåber, Bjørn Eidsvåg, Hege Schøyen, Mattis Herman Nyquist,
Sjanger: Komedie
Nasjonalitet: Norge
Lengde: 1t 30min
Aldersgrense: 9 år.
Grunna koronarestriksjonar er det kun plass til 20 publikummarar på denne visninga.
Vi har 4 tilgjengelege rullestolplassar. Desse må bestillast på førehand ved å ringe resepsjonen på 917 50 231.


