Gøy for liten og stor
Foto: Elevteikning/Morten Skage
JUBELBLUES – konsert med snert!
Med barne- og familiekonseptet JUBELBLUES har Good Time Charlie truffe innertiar i det å spele blues for barn i alle aldrar.
Musikken er energisk rhythm & blues i kjent Good Time Charlie-stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!
Bandet har ei unik evne til å skape god og kreativ kontakt med publikum gjennom musikken sin, og gjer alle som ynskjer det ein mulegheit til å delta - det handlar om å få brukt musikkglede og spontanitet på ein god og leikande måte.
JUBELBLUES er gøy for små og store. Passar for heile barneflokken, frå 0 – 100 år!
Sitat frå anmeldarar:
Dette har barn fortjent. Good Time Charlie har forstått at også barn trenger bluesmagi.
Svein Andersen - Aftenposten
Topp! Et overskuddsprosjekt med herlige barneanarkistiske tekster.
Øyvind Pharo - Bluesnews
Bravo for barneblues! Allsangfaktoren er høy. Anbefales for små og store.
Per Haukaas – Bergensavisen
Good Time Charlie tek det unge publikumet sitt på alvor og har laga ei fin og varm musikkstund små og store kan dele saman.
Øyvind Vågnes – Dag og Tid
Eit perfekt konsept for heile familien.
Lars Mossefinn - Hordaland


